| NB Skilagsrennet Flyttet til Bavallen |
|
Hei.
Grunna manglande snøforhold i Myrkdalen, vert årets Skilagsrenn flytta til Bavallen komande helg.
sjå ny invitasjon her hugs påmelding.
18.01.2010 Lars Egil
|
Veke 3
Det har vore ei travel helg med; foreldremøte/arrangørseminar, SSL i Kråni, SL i Bavallen og eit vellukka Moro på ski renn. Også komande veke trener dei yngste i Vetlebakken ved Bavallstunet. Snømengda på Myra er så liten at det går både på utstyr og sikkerheiten laus. Fullstendig klar over at dette passer dårleg for familiar med sysken som havner på 2 plassar. Men me får hjelpa kvarandre med levering/henting osv. Montering av lys i Alphaløypa starter måndag denne veka. Til helga vert Bergen Skilag sitt renn arrangert Bavallen.. Hugs påmelding innan 18. januar kl 2359.
Alphaheisen går frå kl 1730, treninga starter kl 1800 presis !
Tysdag 19.jan SL i Bavallen kl 18-20, årgang 2000 og eldre, årgang 2001 og yngre, Vetlebakken kl 17-1830.
Onsdag 20.jan SL i Vetlebakken kl 18 - 20, årgang 2000 og eldre.
Torsdag 21.jan SSL i Bavallen kl 18-20, årgang 2000 og eldre, årgang 2001 og yngre, Vetlebakken kl 17-1830.
Laurdag 23. jan Skilagsrennet i Bavallen - SSL
Sundag 24. jan Skilagsrennet i Bavallen - SL
17.01.10 LEM
|
| Moro på ski Søndag 17.01.2010 |
|
13/01-10 Lars Egil
|
Trening 16.-17. Januar
Her er øktene i helga;
Laurdag 16. jan SSl i Kråni - Oppmøte varmestova i Myrkdalen kl 0915. Asbjørn trenar
Sundag 17. jan SL i Bavallen - Oppmøte varmestova i Bavallen kl 11. Asbjørn trenar
I tillegg vil Mildrid og Torbjørn vere på Myra laurdag 16. jan frå kl 12. Dei set nokre løyper, og har aktivitet der nokre timar, for dei som ynskjer. Dette gjeld årgang 99 og yngre. Dei av 00/99 mod som ynskjer å vere med på SSL i Myrkdalen kan gjere det. Hugs ellers "Moro på ski" rennet Sundag kl 12 !
14.01.10 LEM
|
| Foreldremøte - Arrangørseminar på Fleischers |
|
Fredag 15 januar kl 18 00 blir det arrangert Foreldremøte for aldersbestemte klassar på Fleischers. Det vil bli informert om Voss Alpin, anlegget vårt og aktiviteten utover vinteren. Breiddeansvarleg Olav Lødemel vil gjere greie for aktivitet for ungar opp til 10 år, og Hovudtrenar Asbjørn Skorpen for gruppa 11-15 år.
I etterkant av Foreldremøtet blir det Arrangørseminar der leiar i Hordaland Skikrets Lars Tennebekk, som også er RegionsTD (teknisk delegert), vil halde foredrag om den tekniske gjennomføring av alpine renn, roller og regelverk. Ingvill Knapstad Bidne vil gjennomgå og vise kva som skjer i tidtakarbua.
Me avsluttar med betasuppe og god drikke i spisesalen på Fleischers. Pris for servering: kr 95 pr pers.
Agenda blir som fylgjer:
kl 18 00 Foreldremøte for løparar under 15 år
kl 19 00 Arrangørseminar
kl 20 00 Tidtakardemo
kl 20 30 Betasuppe à-la Fleischers
Styret i Voss Alpin vonar at flest mogeleg har høve til å stille på begge tilstellingane ettersom kunnskap om renngjennomføring er viktig for å skape gode og trygge arrangement.
Vel møtt !
Torgils
|
| Toppvakter til Alfa heisen |
|
Med all sannsynlighet starter vi opp trening på Myra og ssl løypen i neste uke (uke 2). Vi må som i fjor stille med toppvakt på Alfa heisen. "Turnusen" blir at alpint tar 2 uker og freestyle 1 uke. I vinter skulle det bety ca 9 uker med toppvakt, eller 18 dager. Dette er en veldig grei dugnadsjobb. Det er varmt og godt. En trenger ikke ha ski på beina. Skulle det feks finnes noen besteforeldre som kunne tenke seg å bidra for klubben, er denne jobben helt perfekt.
Til slutt vil jeg nevne at jobben med å være toppvakt, er veldig viktig! Uten toppvakt blir det rett og slett ikke trening! Toppvakten møter 17:30.
De som kunne tenke seg denne jobben melder seg til Jarle Lund 97181978.
0501 JL
|
| Treningstider Super G Kråni 03.01,10 |
|
Dagens treningstider finn du
03.01.10 Lars Egil
|
| Super G i Kråni 02.01.10 |
|
Flotte forhold i myrkdalen idag. Bilder frå dagens trening finn du her
02.01.2010 Lars Egil
|
Trening 2. og 3. Januar
Det vert trening i Myrkdalen 2. og 3. januar. Trenar vert Asbjørn, samt Mildrid og Per om det høver for dei. Utgangspunktet vert SG/SSL med tidtaking, så ta med SG og SSL ski.
Laurdag 02. Januar - SG/SSL, oppmøte kl 0915 - varmestova i Myrkdalen
Sundag 03. Januar - SG/SSL, oppmøte kl 0915 - varmestova i Myrkdalen
Ellers hugs påmelding ÅL
31.12.09
|
| Trening Nyttårsaftan |
|
Sigbjørn stiller som trenar til slalom-trening Nyttårsaftan frå kl 12 00 til 14 30 enten i Vetlebakken eller i Alfaløypa. Oppmøte Varmestova kl 12 00.
Torgils
|
Trening 29. Desember
Tysdag 29. Desember vert det trening i Myrkdalen. Oppmøte kl 0915 ved varmestova. Asbjørn er trenar. Møt med SG ski på beina, men SSL ski skal vere med. Årgang 99/2000 møter kl 10 00 med SSL ski. Mildrid og evt Per er trenarar her. Trening ellers framover vert:
Onsdag 30. desember, SG/SSL - oppmøte kl 0915 ved varmestova i Myrkdalen.
Laurdag 02. januar, SG/SSL - Stad ikkje bestemt
Sundag 03. januar, SG/SSL - Stad ikkje bestemt
Årgang 99/2000 avtaler sjølve med Mildrid/Per evt andre tidspunkt.
Skjer endringar fort grunna forhold, så ta ein kikk på bavallen.no på kvelden for evt ny info.
28.12.09 LEM
|
| Kretssamling Fart på Ål 5-8 januar |
|
Hei
Påmelding og info finn du her
hugs påmeldingsfrist 21.12.09 for samlingen
Påmelding for Super G 9 og 10 januar finn du her
Rennene er beskrevet som
”Fartsrenn Ål Dag 1” og
”Fartsrenn Ål Dag 2”.
Arrangør Bergens Skilag.
Hugs å registrere deg på Min Idrett her
før påmelding.
16/12-09 Lars Egil
|
Trenarar til jolakurset
Det vert som vanleg jolakurs for dei yngste 27. og 28. Desember. Her trengst det trenarar ! Det kan vere foreldre, tidlegare aktive, eller andre som kan vere interessert. Ta kontakt med Olav Lødemel; olodemel@online.no Mob nr; 92090310.
16.12.09 LEM
|
Info veke 51
Det vart 2 gode skidagar i Myrkdalen denne helga. Totalt 4 økter teknikkøkter SL under godkjente forhold. Det var ca 15 løparar tilstades kvar dag. Mykje aktivitet ellers denne veka. Her ein liten oversikt;
-
Måndag 14. desember styremøte Voss Alpin
-
Tysdag 15. desember, møte org. kom. for Hovudlandsrenn 2011
-
Tysdag 15. desember, Voss Alpin og klubbane i Bg møte med Voss Fjellandsby. Agenda er rennavvikling og gjennomføring av trening på best mogeleg måte.
-
Dugnad tysdag 15. des og torsdag 17. des kl 18 - 21 . Montering av lys til Alpha løypa. Oppmøte Voss Energi. Dei som kan, tek kontakt med Gunnar Bidne. Dette bør prioriterast !
-
Det vert trening laurdag 19. des og Sundag 20 des i Myrkdalen. Tek og sikte på trening 23. des. Meir info om dette kjem. Treningsplan for romjol og januar kjem til helga.
14.12.09 LEM
|
| Overnatting Ål 6.-10. januar. |
|
Klubben har hentet inn følgende tilbud:
Ovrnatting Actif Hotell, i gangavstand fra bakken.
Vi har bestillt 5*4 sengs rom, og 1*5 sengs rom. Totalt 25 stk.
Prsene er hhv 230 og 200 pr pers, inkl frokost.
Har ikke helt kontroll på prisen, om en seng er tom.. Info kommer senere.
Når det gjelder romfordelingen, og hvem som skal bo med hvem. Oppfordrer vi folk til å "snakke sammen", og bestille "hele" rom.
En bestiller rom dirkete til Actif: epost@actif.no, eller tlf 32086666. Husk å si at du er fra Voss Alpin.
11.12 Jarle og Lars Erik
|
Trening i Myrkdalen 12.-13. Desember
Nedbøren me håpa på er ikkje komen, det betyr liknande forhold som forrige helg. Men meldingane laurdag - sundag tyder på bra vær, med litt betre lysforhold enn kva tilfelle forrige helg. Bra snøforhold på toppen, men ver obs ned mot Vetlebotn. Ha med eigne ski til nedfarten. Grunna forholda er det begrensa kva aktivitet me kan ha, difor SL begge dagar. Asbjørn vert trenar. Her er helgas program;
Laurdag 12. Desember; Oppmøte ved varmestova kl 0945
1. økt kl 1000 - 1130 SL tekniske øvingar - frikøyring
2. økt kl 1230 - 1400 SL tekniske øvingar - frikøyring
Sundag 13. Desember; Oppmøte ved varmestova kl 0945
1. økt kl 1000 - 1130 SL tekniske øvingar - frikøyring
2. økt kl 1230 - 1400 SL tekniske øvingar - frikøyring
10.12.09 LEM
|
| Dugnad !!!!!! |
|
DUGNAD FOR Å FÅ LJOS I ALFALØYPA TIL VINTEREN
Me skal montera saman lysa til Alfaløypa hjå Voss Energi, verkstaden på Bryn,
tysdag 15.12 og torsdag 17.12, frå kl 1800 til kl 2100. Me må vera 5 stk. kvar dag.
Meld dykk til teneste til Gunnar Bidne 916 59 281 eller
dersomdu vil sleppe unna husvask og kakebaking!
Gunnar / Einar
7/12-09 Lars Egil
|
Info veke 50
-
Tysdag 8. des og torsdag 10. des vert siste øktene i idrettshallen dette året.
-
Foreldremøte, 10 år og yngre i varmestova (Bavallen), onsdag kl 1900-2030.
-
Pris på sesongkort i Myrkdalen for Voss Alpin sine medlemer; Born 2100,- Vaksne 3100,-
-
Trening i Myrkdalen laurdag 12. des og sundag 13. des. Nærare info kjem inn mot helga.
06.12.09 LEM
|
Trening i Myrkdalen 5.-6. Desember
Det opnar i Myrkdalen til helga, og rapportane fortel om brukbare forhold i "Kråni" og "Kari Traa". Men ta med eigna ski for nedfarten. Der er felt med lite snø. Asbjørn er trenar. Her er tidspunkta;
Laurdag: Oppmøte kl 0945 ved varmestova
1. økt kl 1000 - 1130 - Sl, ulike teknikk øvingar - frikøyring
2. økt kl 1230 - 1400 - SL, ulike teknikk øvingar - frikøyring
Sundag: Obs Obs !
TRENING SUNDAG UTGÅR. ME OPPMODER ALLE TIL Å TA EIN TUR PÅ SKI, MEN INGEN ORGANISERT TRENING.
Til førejolscupen på Geilo 18.-20. des. er det bestilt overnatting i Geilolia Hyttepark. Er nokon interessert i dette, så meld frå til Jarle Lund, mob 971 81978 innan måndag 7. Des.
05.12.09 LEM
|
Oppsummering kretssamling på Geilo
Klubbane i Hordaland og Alpinkomiten skipa denne helga (27. nov - 29. nov) til kretssamling på Geilo. Det er andre året denne samlinga vert arrangert. Ca 75 løparar deltok totalt, alderen strekt seg frå 6 år til 15 år. Voss Alpin stilte med 14 løparar og 1 trenar. Løparane vart fordelt i 3 grupper utifrå alder. Tilhaldstader var Havsdalen for rekruttgruppa, medan resten hadde tilhald i Geilolia. Glimrande forhold var det begge stader heile helga. For dei 2 eldste gruppene vart det gjennomført; 3 SL økter - 2 SSL økter - 1 SG økt. Sportsleg er det knapt mogeleg å få det betre enn kva tilfelle var denne helga. Solid og godt gjennomført samling av AK med Pål Hauge i spissen.
Til helga er det gode sjanser for åpning av Myrkdalen. Bra med snø i Vetlebotn, men i knappaste laget i nedre del av anlegget. Med kaldt vær i veka som kjem, satser ein på at kunstsnø skal ordne dette. Opnar anlegget med brukbare forhold, vert det trening der til helga. Uansett kva som skjer, har me tilbod om å vere med Tertnes si samling på Geilo laurdag 5. des til tysdag 8. des. Føl med på bavallen.no inn mot helga.
29.11.09 LEM
|
Kretssamling på Geilo 27. - 29. Nov
Opplegg for helga:
Fredag: Kl 0730 - 1000 SG - Pause - Kl 1100 - 1400 SSL, Geilolia
Laurdag: 2 økter SSL, tidspunkt uklart - Geilolia
Sundag: 2 økter SL. tidspunkt uklart - Geiloløypa
Årgang 2000 og yngre er tenkt i Havsdalen. Dette må me sjå på om reint praktisk let seg gjere.
Skal ein vere med på SG økta betyr det at ein må reise torsdag. Dei som ynskjer dette gjev beskjed snarast til Jarle, mob 971 81978, dette i forhold til overnatting.
OBS ! Føl med på nettsida for evt endringar !
Hyttefordeling: 6 manns: Bidne x 5 (4). Jakob - 6 manns: Brakestad x 4, Selje x 2 - 12 manns: Mørkeset x 3, Gjeraldstveit x 2, Nedkvitne x 2, Lidsheim x 2, Brandon, Asbjørn
Pris ca 300,- pr knoll pr døgn (med utvask). Dette må gjerast opp i løpet av laurdag.
25.11.09 LEM
|
Sals - / bytekveld !
Måndag 23. November kl 1800 - 2100 vert det sals - / bytekveld i gymsalen på Voss Jordbrukskule.
Dette er eit samarbeid mellom; alpint - langrenn - freestyle - hopp. Så møt opp med utstyr du vil byte, eller selje ! Tips alle aktuelle om denne kvelden.
17.11.09 LEM
|
Geilo 14. - 15. Nov
Helgas samling på Geilo er over, med velukka resultat. Totalt 10 løpar og 5 foreldre var avgårde. Samlinga var lagt opp til samarbeid med Fana og Tertnes. Asbjørn var vår mann i trenarkorpset. Laurdag var det det komen 10 - 15 cm nysnø over natta, det snødde og fram til lunsj. Dette gjorde sitt til ein litt laus trase på toppen, men forholdsvis fast sole under. Denne dagen gjennomførte me 2 økter sl i Havsdalen. 1. økt med teknikk øvingar, 2 økt i løype. Sundag flytta me over til Geiloløypa, også denne dagen 2 økter sl med teknikkøvingar fritt, og løype. Føremiddagen her vart våt, men etter lunsj skein det opp, og løparane våre fekk gjennomført mange gode turar. Altså totalt 4 økter sl under forhold som kunne vore betre, men absoutt godkjent.
Er venta nedbør til veka, men temperaturane ser ikkje lovande ut med tanke på snø i anlegga våre. Vert det ikkje noko åpning til helga, er det mogelegheiter å vere med Fana og Tertnes sitt opplegg på Geilo. Skulle det heller ikkje vere forhold helga 27. - 29. Nov, legg med opp til Geilo, der det vert gjennomført ei kretssamling. Føl med på bavallen.no for info i tida framover.
15.11.09 LEM
|
Samling på Geilo, 14.-15. Nov
Det er sett opp skisamling i Myrkdalen denne helga, ser dårleg ut med snø der. Difor satsar me på Geilo der det er gode forhold.
-
Alder: Årgang 00 - 95
-
Stad: Geilo - Havsdalen
-
Overnatting: Geilolia, 6 mannshytter - Sengetøy el sovepose med. Mat ordner ein sjølv.
-
Kostnad: ca 600,- pr knoll for fredag - sundag. 100,- pr døgn i samlingsavgift - skikort
-
Trenar: Asbjørn Skorpen. Mogeleg me samarbeider med Fana og Tertnes. Antal vil verte vurdert her.
-
Utstyr: SL / SSL
-
-
Påmeldte løpere: Vilde Brakstad, Hermund Altenau, Mariell Lidsheim, Ida Bryn Mørkeset, Hanna Selje Løne, Brandon Kettermann, Ellen Johanne Sjøtun, Guro Haugo Skeie, Kristoffer Bidne. Foreldre: Jon Terje Brakestad, Rudolf Altenau, Karin Lidsheim, Lars Erik Mørkeset, Gunnar Bidne. I skrivende stund er vi 9 løpere og 5 "voksne".
09.11.09 LEM
|
| Barmarkstrening i Idrettshallen |
God oppslutning på barmarkstreninga. Voss Alpint sitt nye tilbod av året om trening for alle grupper i Voss Idrettshall er godt motteke blant laget sine mange medlemer. Det er notert over 30 løparar på trening med Asbjørn i Idrettshallen. Treningstider finn du her, og det er plass til fleire som vil prøve alpinsporten til vinteren.
Ivrige Småalpinistar 9 år og yngre i Idrettshallen. Bak står hovudtrenar Asbjørn Skorpen.
30.10.09 Torgils-Lars Egil
|
Test !
I treningsplanen er det sett opp trening laurdag 31. okt. og sundag 01. nov. Utifrå ei heilheitleg vurdering vert her endring. Det betyr i klartekst at trening laurdag utgår, og at me køyrer test sundag.
Sundag kl 1500, oppmøte Voss idrettsplass, årgang 99 og eldre.
27.10.09 LEM / Asbjørn
|
| Treningsplan |
Treningsplanen for Voss Alpin fram til nyttår finn du her i word og her i pdf
Nytt av året er felles treningsgruppe for 10 og 11 åringen og 12 til15 år, planen vil verta lagt ut på dei ulike gruppene når me har fått "look" på bavallen.no
Barmark Fis94
17.10.09 Lars Erik - Lars Egil.
|
| Dugnad |
|
Det vert Dugnad i Bavallen
LAURDAG 24/10 og 25/10 KL 10:45 - OPPMØTE kl 1045
Sesongen nærmar seg og det trengs rydding i løypene.
Det skal hoggast ut til lysmaster i Alfaløypa (dette må gjerast om me skal me få lys der til sesongen).Og me skal kappa småkvist i storslalomløypa, måla målbua, og saga/rydda slalomtrase ved Kulebakken.
Ta med motorsager og kantklippere (motorljåer). Laget stiller med bensin/olje.
16.10.09 Einar/ Lars Egil
|
Trening framover
Torsdag 15. oktober kl 1500 - 1700 vert det trening i Voss idrettshall for årgang 99 og eldre.
Treningsplanen framover vert lagt ut laurdag.
NB ! Føl med på sida vår framover, for ulik info. Sesongen nærmar seg !
14.10.09 LEM
|
Handle - / klubbkveld på G sport !
Onsdag 23. September vert det handle - / klubbkveld hjå G sport. Dette gjeld alle medlemar for Voss Alpin.
-
Kl 1700 - 1830 vert det 30 % på alle varer i butikken. Begrensa utval av racingutstyr, men det er høve for bestilling. Jr racing skia til Head, kr 2500,- er forsatt inne i utvalgte lengder.
-
Kl 1830 - 2100 vert det smyrje - / preppe kurs med Swix sin mann. Vert høve for bestilling av Swix utstyr, 25 %.
-
Årgang 94 og eldre møter på smyrjekurs.
Tips alle aktuelle om denne kvelden !
15.09.09 LEM
|
Voss Skitreff - Haustcamp, 11.-13. September
Hordaland skikrets arrangerer Haustcamp for aldersgruppa 13 - 16 år, 11.-13. September med hovudbase i Bømoen leir. Program og ymse info finn du på www.skitreff.no
75 påmeldte til no
07.09.09 Lars Egil
|
Barmark
-
Det vart ei vellukka barmarkshelg på oss. 3 gode økter med variert trening. Styrke spenst ute, koordinasjon, basis på Bioform, samt ei økt i idrottshallen med utstyret som er der. Tysdag/torsdag kl 1430 er neste økter, det er for 96 +. Økta sundag utgår, på grunn av Skikretsen sin Haustcamp på Bømoen.
-
Tertnes / gruppe - 94 / fis, skal til Hintertux (Østerrike) i haustferien. Opplegget her er lagt, og ser veldig bra ut. Er nokon i Voss Alpin, årgang 98-95 interessert, ta kontakt med Per C. Larsen, eller underteikna i løpet av veka.
06.09.09 LEM
|
Barmarkshelg 5.-6. september
-
Laurdag kl 1000-1200, oppmøte Bavallen
-
Laurdag kl 1330, oppmøte Bioform, basisøkt
-
Sundag kl 1030, oppmøte idrettshallen. Fyrst ute, deretter trampoline inne.
Hugs skikkeleg sko, inne og ute. Mat mellom øktene laurdag ordner ein sjølv.
Kan ein berre vera med på noko, er det sjølvsagt lov. Betre med 1 økt enn ingenting..
04.09.09 LEM
|
Fonna stengt !
Fonna er stengt med umiddelbar verknad. Det betyr at samlinga vår der 5.-6. September utgår.
Me klinkar istadenfor til med barmarksamling på Voss same helg. Endeleg program og tider vert lagt ut på nettet i løpet av torsdag 3. sept.
31.08.09 LEM
|
Test barmark torsdag 27. august kl 1600 !
Torsdag 27. august kl 1600 vert det barmarktest. Oppmøte Voss idrottsplass. Hugs og øktene tysdag 25. august på Bioform kl 1430 for dei eldste, og sundag 30. august kl 1700 for 99 - 97.
25.08.09 LEM
|
Vellukka samling på Fonna
Samlinga på Fonna 21-23. august er tilbakelagt. Fleire usikkerheitsmoment i førekant. Det gjekk på tvilsame værmeldingar, og om korvidt heisen ville gå. Forholda er fortsatt bra på Fonna. Blåisen er komen fram over henget og heilt i botn, men rikeleg med snø i mellompartiet. Uklart korleis det vert framover, men det vart sagt at neste 14 dager vil heisen gå, så får ein ta det derifrå. Lite folk denne helga. Kun Voss Alpin og Drammen Skiklubb var å sjå i bakken desse dagane.
Fredag var gruppa vår 7 løparar. Slalåmteknikk under glimrande forhold på programmet. Laurdag 14 løparar med same program. Grunna "Bend it cup" i fotball, så reiste fleire heim etter endt laurdag. Men 4 stk var att, og fekk nok ein god skidag. Var saman med Drammen under deler av denne dagen. Asbjørn trenar under desse dagane.
Totalt sett 3 gode dager med mykje mengde og kvalitet, 6 økter a 2 timer med sl. Me var heldige med vær og forhold, var mykje nedbør til tider denne helga, men me slapp unna dette under treningane våre.
Neste samling vert 4. - 6. September. Påmelding vert lagt ut seinare i veka.
23.08.09 LEM
|
Barmark
Oppstart barmark
- Tysdag 18. aug - 96 og eldre, kl 1430, oppmøte Bioform
-
Torsdag 20. aug - 96 og eldre, kl 1430, oppmøte Voss idrettsplass
-
Sundag 30. aug - 99 - 98 - 97, kl 1700, oppmøte Voss idrettsplass
Me held på desse tidene til noko anna vert sagt
17.08.09 LEM
|
Samling på Fonna 21. - 22. August
-
Tidsrom: 21.- 22. August
-
Overnatting: 20 plasser er reservert på Gjestetunet
-
Pris: 390,- pr hovud pr overnatting. Inkl. frukost og middag. 100,- pr dag i samlingsavgift
-
Trenar: Asbjørn Skorpen
-
Innhald: Det vert kun sl denne samlinga.
-
-
Påmeldte: Hanna Selje Løne*, Guro Haugo Skeie*, Oda Hånes Lund*, Brandon Kettermann*, Vilde Brakestad, Ida B. Mørkeset, Mariell Lidsheim, Borgar Bystøl, Erling Sjøtun, Hermund Altenau, Trine Gjeraldstveit, Martin Søgård, *=lørdag.
Hugs og samlinga 4. - 6. September. Då vert overnattinga på "Hovdenhuset"
LEM 06.08.09
|
| Bilder frå Fonna 27.06.09 |
|
Hei
Her kan du sjå bilder frå Fonna den 27.06.09
Nokre frå Fonnarennet til Bergen Skilag og nokre bilder frå SSL trening Med Hovden skigymnas og Fis 94 gjengen frå Hordaland. SJEKK HER
Martin Johannesen
Lars Egil 29.06.09
|
Samling på Fonna 3. Juli - 5. Juli
-
Tidsrom: Fredag 3. Juli til Sundag 5. Juli
-
Overnatting: "Hovdenhuset", ca 40 plasser
-
Pris: 100,- pr natt pr løpar. Vaksne gratis. + 100,- pr dag i samlingsavgift til klubben. Mat må ordnast sjølv. Ta med sovepose, eller sengetøy.
-
Trenar: Asbjørn Skorpen
-
-
Påmeldte: Oda Hånes Lund, Vilde Brakestad, Ida B. Mørkeset, Hermund Altenau, Viktoria R. Larsen, Nikolai R. Larsen, Anna Bryn.
NB ! Sjå lengre ned på sida for treningstilbod med Tertnes.
17.06.09 LEM
|
Samlingar på Fonna
Tertnes har samlingar på Fonna 20. - 23. Juni og 25. - 29. Juni. Her det ope for Voss sine løparar om ynskjeleg. Det gjeld ´99 - 95´. Direkte påmelding til Per Chr. Larsen. mob: 901 46948, e post: pcrl@online.no
Voss Alpin si samling 28. juni - 02. Juli vert mest sannsynleg flytta til 03. - 05. Juli. Påmelding vert lagt ut på onsdag.
15.06.09 LEM
|
Vellukka samling i Pinsen

Martin i farta.
Det vart ei vellukka samling for Voss Alpin på Fonna i pinsehelga. Totalt var det 21 løparar og 16 vaksne avgårde til Jondal. Fonna framstod frå si beste side denne helga. Strålande vær og gode snøforhold gjorde sitt til at det sportslege utbytte vart veldig bra. 2 sl økter, 4 ssl og 2 barmarksøkter vart gjennomført på 3 dager. Asbjørn gjorde ein glimrande jobb med ei stor gruppe, der individuelle tilpasningar er naudsynt. Asbjørn treng også litt tid på å verte kjent med gruppa.
Mange frykta storinnrykk på Folgefonna denne helga pga Skimania og kulekøyring. Det skjedde ikkje. Bergen Skilag, Tertnes, Fana, Geilo og det Svenske damelandslaget var tilstades. Det var 12- 14 min kø på det verste før lunsj, ellers var det så å seie rett i heisen.
Denne helga budde me på Hovdenhuset. Litt slitt og godt brukt hus, men totalt sett ein god plass for oss. God beliggenheit og vel 40 plasser til ein gunstig pris. Dette er abslutt noko me vil nytte oss vidare om mogeleg.
Neste reine Voss Alpin samling vert 28. Juni - 02. Juli, så det er berre å skrive inn i boka si. Hugs og Fonnarennet 27. Juni.
Bilder tatt av Lars Egil finn du her Voss Alpin samt nokre bilder av svenske WC løpere Anja Paerson og Kajsa Kling.
01.06.09 LEM
|
Barmark
Økta sundag 31. Mai utgår grunna samlinga på Fonna
30.05 LEM
|
Samling på Fonna i Pinsen
Det er klart for samling på Fonna i Pinsen
Tidsrom: Laurdag 30. Mai til måndag 01. Juni
Overnatting: "Hovdenhuset" i Krossdalen, ca 30 plasser
Pris: 100,- pr døgn, utan mat
Påmeldte til no: Oda Lund, Vilde Brakestad, Ida B. Mørkeset, Kristoffer Bidne, Viktoria R. Larsen, Ellen Johanne Sjøtun, Erling Sjøtun, Mariell Lidsheim, Tor Ivar Seim (lør - sun), Anna Bryn, Hanna S. Løne,
Obs ! Ligg meir info under 11-15 år.
20.05.09 LEM
|
| Minner om påmelding Trenarkurs 1 22-24 Mai |
|
Sjekk invitasjon til Trenarkurs 1 på Folgefonna under aktuell info.
Mandag 11 mai 2009
Torgils
|
| Samlingsplan Sommar/Høst 09 |
Samlingsplanen Voss Alpin - FIS 94 finn du HER (exel fil).
08.05.09 Lars Egil
|
| Barmark 2009 |
Her (wordfil) finn du treningsprogrammet til Voss Alpin som Asbjørn har laga.
Me set i gang barmarkssesongen med test på idrettsplassen klokka 18:00 på sundag 10. Mai
Barmarksøktene vidare vert som fylgjer:
Sundag kl 1800: 99-98-97, oppmøte Voss idrettsplass
Tysdag kl 1430: 96 og eldre, oppmøte Bioform
Torsdag kl 1430: 96 og eldre, oppmøte Voss idrettsplass
06.05.09
Lars Erik / Asbjørn
|
| NM/Fis Skicross Fonna 22-24/5-09
|
Folgefonna Sommarskisenter 22. til 24. mai 2009.
Voss/Ørnar Alpint og Christiania Freestyle vil i samarbeid med Norges Skiforbund ynskja alle skikøyrarar velkomne til NM og FIS-renn i skicross fredag 22. til sundag 24. mai 2009.
Invitasjon NO her
Invitation INT her
Sjekk nye sida til Folgefonna her
27/4-09 Lars Egil
|
|
|
Hei
Utforskulen har flytta samlingane sine i neste veke frå Røldal til Myrkdalen.Vossingene har fått tilbod om å vere med på desse samlingane . Det er to camper den eine frå 29/4 til 1/5 og den andre frå 2/5 til 4/5.
Sjekk og info og påmeldte til samlingane her
24/4-09 Lars Egil- Asbjørn
|
| Skicross NM og FIS renn |
|
NM skicross 1-3, mai 2009 er utsett grunna uvanleg stor snøsmelting dei siste 14 dagane. Ny dato for NM skicross vert kunngjort med det første. Mogeleg rennstad er Folgefonna.
24.april 09,
Sigbjørn
|
| Vossameisterskap 2009 m/innlagt lagsmeisterskap |
|
Vossameisterskapen 2009 i slalom laurdag 4. april 2009 på Myra.
Gratulasjoner til Vossameistrane 2009
Vandrepokaler:
Jenter 12-13-år Vilde Brakestad vinner av Astrid Lødemels Vandrepokal
Gutar 12-13-år Kristoffer Bidne vinner av Jan Einar Thorsens Vandrepokal
Jenter 14 -15 år Iselin Fleischer Tønjum vinner av Harald Vatnes Vandrepokal for Jenter
Gutar 14-25-år Erling L Astrup Sjøtun vinner av Harald Vatnes Vandrepokal for Gutar.
Junior 1 jenter. Ingen deltakere.
Junior 1 gutar . Tor Ivar Seim vinnar av Alf Opheims rekrutteringspokal.
Sjå fotoalbum frå sesongens siste renn her
6/4-09 Lars Egil
|
| Veteran NM 2009 |
|
Takk for kjempeflotte dagar på Voss, her finn du bilder og resultater frå Veteran NM 2009
Tom Stiansen på Myra
Litt av kvart tatt av Lars Egil
Sjå og bilde av vossingane som var med i NM, tatt av Svein Ulvund som driv sida www.vossnow.net
Sjå her finn datoen 27.03 på venstreside
Resultatliste Super G her
Resultatliste Storslalom her
30/3-09 Lars Egil
|
| Landsfinale Mo i Rana |
|
Fylgande Vossaalpinister kvalifiserte seg til deltaking og fekk desse resultata i Mo.
Super G SSL SL
| Ellen Johanne Astrup Sjøtun |
24. |
37 |
32 |
| Vilde Brakestad |
68 |
70 |
49 |
| Ida Mørkeseth Bryn |
67 |
72 |
51 |
| Hanna Løne Selje |
69 |
73 |
46 |
| Oda Hånes Lund |
71 |
76 |
50 |
|
|
|
|
| Kristoffer Bidne |
30 |
24 |
21 |
| Håkon Søgaard |
67 |
D |
D |
Meir Info på Nettsida til Rana slalomklubb her
Lars Egil 23/3-09
|
| NM senior 2009 på Oppdal |
|
Chriss Salbu tok bronse medalje i NM super G idag
me gratulerer med ein utruleg sterk prestasjon.
Nr1 Lars Elton Myhre
Nr2 Kjetil Jansrud
Nr3 Chriss Salbu
Følg med på NM på Oppdal her
20.03.09 Lars Egil
|
| Hovudlandsrennet 2009 |
Hovedlandsrenn på Bjorli 14-15 år 
Voss Alpin er representert med desse løparane
Jenter: Anna ,Iselin,Johanna,Birte og Victoria
Gutar: Jarle og Erling.
Lykke til
Følg med på nettsida til Hovedlandsrennet her
Resultater:
Utfortrening 19.03
Utfortrening 20.03
strekktider jenter renn 1 her
20.03.09 Lars Egil
|
| Bama ÅL 2009 |
|
BAMA ÅL 2009
Det nærmar seg årest høgdepunkt for vossaalpinistene 11 år og yngre
Her finn du alle påmeldte .
Her finn du nye sida til Bama ÅL 2009.
13.03.09 Lars Egil
|
| Fis renn Voss |
|
Voss/Ørnar Alpin FIS renn i Bavallen
Sjå bilder frå VossNow her
finn dato 28/2 og 1/3 på venstresida i menyen
Margrethe Chloe FAUSA på veg ned til 2 plass på Lørdag, Søndag vart det 1 plass på jenta frå Ready me gratulerer.
01.03.09 Lars Egil
|
| Voss Skitreff 2009 |
|
Voss Skitreff 2009 og KM i Slalom og Storslalom
Nok ei velukka helg i bavallen med kveldsrenn i slalom på fredag og storslalom på laurdag mange gode resultater med fleire sigrar til vossingane. På fredag vant Vilde jenter 12-13 år og Kristoffer fortsatte seiersrekka si og Tor Ivar vant junior 1. På laurdag vant Ellen Johanne jenter 12-13 år og Kristoffer tok sin 8 siger på rad. Totalt hadde vossingene 16 pallplasseringer på 2 dager veldig bra.
Resultater
Bilder.
Frå Ulvund Voss Now her finn dato 14/2
Sjekk og heimasidene til Voss Skitreff her
Ellen Johanne vart kretsmester i laurdagens Storslalom.
Her ligger poengoversikten etter 8 av 8 kvalifiseringsrenn. Poengene vil bli dobbeltsjekket av AK før uttaket forligger. Denne listen er en foreløpig utregning. Uttak kan forventes innen få dager. Vil minne om ved poenglikhet er det renn nr. 5 som er tellende. Er det likt etter renn nr. 5, teller renn nr. 6 osv...
16/2-09 Lars Egil
|
| Tertnesrennet 2009 |
|
Tertnesrennet 2009
Ei kjempehelg i bavallen med mange gode resultater for vossingane.
Dobbeltseier til både Kristoffer , Vilde og Tor Ivar.
Og gledeleg seier for Hermund i klasse gutar11 år på laurdag
og seier til Vilde B i jenter 12-13 på søndag.
Totalt 19 pallplasseringer for vossingene på desse to dagene må vere veldig bra.
Sjå og Ulvund sine bilder frå laurdag her du finn dei på datoen 7/2 på venstresida
9/2-09 Lars Egil
|
MORO PÅ SKI -TELENOR KARUSELLEN!
Moro på ski-renn i Myrkdalen søndag 1.februar
resultater finn du her
og bilder tatt av Arild finn du her
Eivind og Martin i fint driv

Terje/Lars Egil 1/2-09
|
Endring av treningstad
Frå og med veke 5 skal Voss Freestyleklubb også trene på Myra. For å unngå køsituasjonen me hadde i fjor har me inngått ein avtale der me bruker Myra ein dag kvar. For aldersgruppene t.o.m 10 år vert treningsstadene slik:
Tysdagar på Myra 18-20
Torsdagar i Vetlebakken (ved Bavallstunet) 18-20
Gunnvor/Stig 28.01.09.
|
| Fanarennet 2009 |
|
Kjempehelg for Vossa-alpinistene
Totalt 47 løpere frå Voss stilte til start i Fanarennet på lørdag, Mange gode prestasjoner
i jenter 12-13 vart Ellen Johanne nr 2 og Vilde nr 3. I gutar 12-13-vant Kristoffer. I jenter 14 -15 vart det trippelseier og jevnt , Anna på 1 plass 5 hundredeler foran Birte og med Thea på 3 plass. I gutar 14 -15 vart det ein sterk 2 plass til Jarle og i klassen junior 1 vart det 1 plass til Tor Ivar.
Framgangen fortsatte på Søndag under strålende forhold.
i Jenter 12 -13 vart det 2 plass til Vilde og 3 til Ida. Kristoffer tok på nytt seieren i gutar 12-13 stoor margin, gledelig og med 3 plass til Håkon. I jenter 14 -15 ledet Birte etter ein kanon 1 omgang men måtte se seg slått av Maren i 2 omgang. Iselin tok her ein flott 3 plass. I gutar 14 -15 vart det endeleg full klaff for Jarle og han viste det me har sett på trening at slalom formen er i rute. 1 plass med 1,6 sek forsprang på Tobias. I klassen junior 1 vart Tor Ivar nr 1 . Totalt sett vart det mange gode prestasjoner og trenden frå ÅL vart bekrefta og i dei tekniske disiplinene. I kort løype var det og tett med vossa alpinista og mange gode prestasjoner.
Kristoffer dobbeltvinnar i helga
Resultater
SSL lang løypefinn du her
SSL kort Løype finn du her
SL lang løype finn du her
SL kort løype finn du her
Poengoversikt for Hovedlands og Telenor Landsfinale etter 4 av 8 renn finn du her
4 beste plasseringer er teljande til slutt. Dei listene som kjem ut fortløpende er kun foreløpige tall. Alle poengsummer vil bli dobbeltsjekket av AK før de tar uttakene.
Sol i Myrkdalen søndag 25.01.09
25/1-09 Lars Egil
|
| Chriss Salbu nr 1 i Maria Alm |
|
Chriss Salbu
vart nr 1 i eit fis renn i Maria Alm i går, det var god deltagelse og ca 150 deltagere frå alle nasjoner.
Me gratulerer og ynskjer lukke til vidare i Europa.
14.01.09.Lars Egil
|
| Kretsmesterskap super G på Ål |
|
Her er alle vossingane som var på ÅL i helga og køyrte super G under optimale forhold og kyndig ledelse av Dag og Steinar. Resultatene for lørdagens KM og treningsomgang samt søndagens kvalikrenn finn du på resultatsidene. Me fekk ein god sesongstart og kan glede oss til fortsettelsen.
12/1-09 Lars Egil
|
| Fanarennet i Myrkdalen 24-25 januar |
|
Praktisk informasjon finn du her
nb husk å melde på begge dager
11.01.01 Lars Egil
|
| Kretsmestere i Super G på ÅL |
|
Voss Alpin fekk idag 2 kretsmestere i Super G på Ål
I klassen Jenter 12-13 år vant Ellen Johanne og
i klassen gutar 12-13-år vant Kristoffer.
Me gratulerer og kjem snart med bilde og resultater frå Ål.
Kristoffer 
Ellen Johanne
10.01.09 Lars Egil
|
MORO PÅ SKI
Telenor Karusellrenn
Årets jolakurs var ein suksess med 87 deltakarar. Tusen takk til alle sporty instruktørar!!
Søndag 4.januar vert det MORO PÅ SKI renn på Myra, Bavallen kl 12.00. Rennet er for alle born i alderen 0-12 år.
Påmelding/registrering i Runebu(Myra) kl 10.30-11.30.
Velkomen til ein kjekk dag på slalomski!!
Onsdag 7.januar kl 19.30 i Varmestova, Bavallen, er det foreldremøte for dei som har born som skal trene på Myra og i Vetlebakken. Her vert det informasjon om aktivitetane utover vinteren og mogelegheit for å koma med gode ideear og innspel.
01.10.09. Gunnvor
|
| Kretssamling på ÅL |
- FART PÅ ÅL -
Klubbene i Hordaland, i samarbeid med Alpinkomiteen, inviterer herved til åpen kretssamling på Ål tirsdag 6. til fredag 9. januar. Renn lørdag 10 og søndag 11.
Informasjon om samlinga finn du her
Påmelding til Stig antall dager og fellesmiddag på lørdag.
SG renn
Informasjon om KM SG 10.01.08 finn du her
Infirmasjon om SG 11.01.08 finn du her
Alle melder seg på sjølv her
NB frist 05.01.09 kl 2400
NB Hugs forsikring/startlisens frå fylte 13 år
21/12-08
Lars Egil
|
| Jolakurs 2008 |
|
JOLAKURS 2008
Sjå gruppene 8- 9 og 10 år . Sjå den fine PDF brosjyren til VOSS/ØRNAR HER
10.12.08 Lars Egil
|
Kvalikk-renn Ål, sjekk gruppe 11-15 år.
06.11.08 Stig
|
| Terminliste Hordaland Skikrets 08/09 |
|
Terminlista for sesongen 08/09 er klar, sjekk TERMINLISTE på venstre side
23/10-08 Lars Egil
|
| Pitztal 2008 |
|
Her kjem informasjon om Pitztal og samlinga til Voss Alpin
Pitztal breområdet me løypekart webcam osv finn du her
Bilder frå turen finn du her
Vossagjengen
25/9-08 Lars Egil
|
Sjekk gruppe 11 - 15 år, Samlingsplan 2008.
28.04.08 stig
|
|
Raskaste, tøffaste, kjekkaste
Laurdag 12. april på Slettafjellet kl. 11.00:
1) Uoffisielt NM i BigAirBag
2) Vestlandsmeisterskap i Speedskiing
Sundag 13. april i Tråstølen kl 09.30:
3) Vossameisterskap i kulekøyring
Diplom til alle og god premiering!
|
|
Arrangementet eit samarbeid mellom Voss il alpint, Voss Freestyleklubb og
Voss Resort Fjellheisar (ved Jan Einar Thorsen, biletet!) 09.04.08 Stig/Geir Arne
|
|
Dobbeltvinnar i KM alpint 2008
Kari (biletet) vann både SSL og SL i Myrkdalen 5. og 6. april, og vart dermed Krinsmeister begge dagar i juniorklassen. KM tittel vart det og på Kristoffer i SL gutar 12-13, Kristian i SSL i juniorklassen. I jenter 11 vann Ellen Johanne SSL og Vilde SL. I gutar 11 vann Vetle SL. Plasseringane til våre løparar elles finn du etter kvart her.
06.04.08 Geir Arne |
|
|
|
VM
-vinnarar
2008
Vossameisterskapen 2008 på Myra 03.04.08. Klassevinnarane: Frå v: Kristian, Kristoffer, Kari, Johanna, Embla og Tor Ivar.
Resultatliste her, og fleire bilete kjem.
Foto: Geir Arne
03/.04.04.08 GA/Stig |
|
|
Påsketrening i Bavallen i flott vinterver - 3. april er det VM
I Påskeferien var det mange flotte treningsøkter med ulike SL-løyper (og grilling) på Myra. Siste feriedagen var det SSL i TEA-løypa (bileta her).
Kveldtrening slutt for i år, alle får mail når sikringsutstyr etc. skal tas ned.
2. April 2008 Stig/ Geir Arne
|
Trenar 1 kurs
Teoridelen på Trenar 1 kurs vert fredag 4.april kl 17.00-21.00 på Fleichers.
Skidelen vert tidleg neste sesong, 1 dag i desember.
Instruktør:Mildrid Sandvik
Det er plass til fleire. Me har eit stort behov for trenarar og hjelparar i bakken og håper at mange vert med. Send ein SMS til 91524841, Gunnvor Loven, om du ynskjer å vera med.
|
Telenorlekene 2008 i Kvitfjell og Hovedrennet i Ingjerkollen
Sjekk korleis det gjekk med Trine og Johanna her
Kristoffer slo til med flott 10. plass (92 startande) i Ingjerkollen 30.03. Resultat her
Senior-NM er i gang: Anders på 22. i utfor
Resultata frå NM i Hafjell - 26.03. - 02.04. - finn du her
27.03.08 01.04.08Geir Arne
|
KM-tittel i super-G til Kristoffer og Trine
Kristoffer Bidne, Voss IL, med KM-pokalen for siger i gutar 12-13 år. Trine Gjeraldstveit, Voss IL, i starten på det andre Super-G-rennet i Myrkdalen 2. mars, eit renn som ho og vann. Fyrste rennt sundag var KM. Dobbeltsiger i Myrkdalen vart det og til Vilde Brakestad i jenter 11 år.
I det andre rennet vann Vilde Vethe, Ørnar, jenter 14-15 år og Jarle Brunborg, Voss IL, gutar 14-15 år. Mange gode plasseringar av våre løparar! Me blir sterkt representert i både Landsfinale (12-13) og Hovudlandsrenn (14-15)!
Resultata finn du på Resultatsida.
02.03.08 Geir Arne
|
|
|
Chriss Salbu på 10. i SSL i junior-VM alpint fredag
Sjekk meir info her( Formigal, Spania)
01.03.08 Stig/ga
|
|
(Foto tatt av Norvald Fretheim)
ANDERS ØVSTHUS VANN SITT FYRSTE FIS SSL RENN I BAVALLEN
Anders låg på andre plass etter fyrste omgang, men tok sigeren i havn.
Hans Skulstad Dregelid tok 12. plassen i Bavallen sundag 24.02.08.
SSL menn sundag, Sjekk Resultatsida for alle resultatlister frå FIS-renna i Bavallen.
|
|
Dobbeltsiger til Voss IL
i FIS-renn i Bavallen
Laurdag vart det dobbeltsiger på heimebane. Chris Salbu vann føre Anders Øvsthus. Vanskelege forhold, men dei beste takla det best..... Slitne, men nøgde rett etter målpassering. (Foto: Geir Arne)
Det vart heimesiger i FIS-rennet i Bavallen fredag kveld. Chriss Salbu vann slalåmrennet og viste styrke etter uttaket til junior-VM. Anders Øvsthus, Voss IL, fylgde opp med ein flott 4. plass.
Sjå og resultatsida.
22.02.08 Geir Arne / 23.02.08 Geir Arne |
 |
|
Invitasjon til Super-G i Myrkdalen
Det er klart for super-G i Myrkdalen 1.-2. mars, med trening 29. februar. Invitasjonen finn du her
21.02.08 Geir Arne
|
Tre FIS-renn i Bavallen
Velkomen til FIS-renn i Bavallen 22.-24. febuar 2008! Info/invitasjonen finn du her.
Takk til alle som hjalp til sist helg (Voss Skitreff)!!! Klar for ny innsats?
Oppdatert portvaktlista finn du her Sjekk elles funksjonærlista her
16.02.08 Geir Arne / 21.02.08 Geir Arne
|
Gratis kveldskøyring i Bavallen i Grebbestrekket
Idrettslaga Voss og Ørnar inviterer til skikveldar i Bavallen for nybyrjarar og små skiløparar. Ta med foreldre og småsysken. Tysdagar kl. 17.30-19.00
NB! Tysdag 12.02 vert det anledning å få kjøpt rimeleg kvelds i varmestova.
|
|
|
Vinterferien - foreldre - sjekk under Aktuell info
Voss skitreff:
Suveren i Bavallen
Maria Tviberg, Tertens IL, var suveren i 1. omgang sundag - med klart beste tid i slalomløypa (biletet). Ho vann J14-15 begge dagar. Fleire andre "dobbelsigrar vart det og, mellom anna til Ida Bryn Mørkeset, Voss IL, i J11 år.
- eller på sida Resultat. Fleire bilete på Fotogalleri.
10.02.08 Geir Arne |
|
|
Voss Skitreff:
Fart, spenning
og dramatikk
i Bavallen
Det vart mange tøffe
duellar i storslalåm.
Her er sigerspallen
klassse J.14-15 år:
Vilde 2., Maria 1. og Maren 3.
09.02.08 Geir Arne
|
 |
|
|
Kjempeflott
NM-bronse
til Kristian
i utfor jr-NM |

|
Kjempeflott bronsemedalje til Kristian Øvsthus, Voss il, i utfor NM junior 1. Pål Mongstad Berge, Voss il, fekk ei fin 21.plass.
07.02.08 Stig /Arkivfoto: Geir Arne
|
NB: Super-G i Myrkdalen er flytta til 1. og 2. mars
03.02.08 Geir Arne/ND
|
IL Ørnar og Voss IL har gleda av å invitera til FIS-renn 22.-24. feburar - sjå her.
Nordisk Skitreff 8.-10. februar 
Jubileumsmiddag 9.2 kl.19 i "Vossasalen" på Park. Meld Dykk på! Funksjonærliste
Påmelding til slalåm/ssl -renna, Nils Dagfinn Dregelid nidrege@frisurf.no innan NB! TORSDAG 31.Januar.
20.01.08 stig
|
Kjempebra FIS-utfor av Anders Ø på Hafjell
Det er FIS-renn på Hafjell denne helga. Fyrst var det utfor i dag og der klinte Anders Ø til med eit kjemeprenn. Det enda med 2. plass! FIS resultat her.
18.01.08 Geir Arne
|
Desse to bytta på 1. og 2. plassen i Fanarennet 2008
|
|
Endeleg var sesongen i gang.
Ellen Johanne (t.v.) vann SSL laurdag og tok 2. plassen sundag. Vilde (t.h.) vann SL sundag og tok 2. plassen laurdag. Begge i jenter 11 år. Mange andre gode resultat i Fanarennet i Myrkdalen 12. og 13. januar. Sjekk sida Resultat.
15.01.08 Geir Arne |
|
Frå start i slalåmrennet i Myrkdalen sundag 13.01.08. Foto: Geir Arne
|
| Moro på Ski 06. januar på Myra - Bilete |
|
Sjå www.vossnow.net/ Resultata ligg no på Resultatsida!
|
Jolakurs i Bavallen - sjå meir i Fotogalleri
04.01.08 Geir Arne Foto: Gunnvor Lindland Loven
|
|
Breiddesamling: Trine Gjeraldstveit har vore på breiddesamling på Kvitfjell i helga. Anna Haugo Bryn og Erling Astrup Sjøtun (biletet under) reiser onsdag på breiddesamling -94 til Ål.
03.12.07 Stig
Glimrande forhold i Myrkdalen sundag 02.12.07 - med storslalåm. Grått og mjukt laurdag, men bra slaåmtrening. Sjå fleire bilete i Fotogalleriet. 02.12.07 Geir Arne
|
<- Rennsesongen 0708 - både her og der - sjekk sida Terminliste (link i venstre marg)
|
OPNING OG TRENING I FJELLANDSBYEN 17.-18. NOVEMBER
Lite snø og mildver skapte vanskar for opningshelgai Myrkdalen, men bra trening vart det likevel, både laurdag og sundag, på kunstsnøen i barnetrekket! Fleire bilete i Fotogalleriet.
18.11.07 Geir Arne
|
| Samling for Voss-Ørnar Alpint i Zermatt: |
|
Flott samling - med Matterhorn i bakgrunnen
Blide alpinistar med Matterhorn i bakgrunnen. Embla fråverande grunna skade.
Foto: Helge Danielsen
Svært gode treningsforhold heile veka (haustferien 2007) med silkeføre og påskesol dei første 4 dagane. Alpinistane var morgonfuglar og på plass ved nedre heis kl 07.15. kvar morgon med tidleg start i løypa på Plateau Rosa på 3600moh. Me hadde godt treningssamarbeid med Tertnes og Rælingen og løparane fekk godt utbytte av veka. Onsdag var fridag og Voss var då overlegne på fotballbanen og slo Ternes med 3-1! Takk for ein fin tur alle saman! 14.10.07 Helge / (Geir Arne)
|
|
Flott på Folgefonna
29.09.-02.10
"The best .... ever!"
Strålande ver og føre- ei flott samlling, med
Steinar og Ingrid som trenarar.
Biletet er frå onsdag føremiddag.
Sjå meir på Fotogalleriet.
02.10.07 Geir Arne |

|
|
Knallbra helg på Fonna 9.-10. juni 2007
Fonna Sommarskisenter viste seg på alle måtar frå si beste side i helga 9.-10. juni 2007. To solide treningsdagar med mykje fart og stor innsats. Foto: Geir Arne Meir på Fotogalleriet.
|
Rot og kø på Fonna, men no har dei endeleg opna....
Sjå meir i Fotogalleriet. Ny samling 8.-10. juni. Og så er det Fartsrenn på Fonna 23. juni - sjå her.
|
 |
17. mai :
Anders Ø. fekk 30.000,
- i Kari Traa-stipend!
20.05.07 Geir Arne
Foto: "Hordaland" |

|
|
|
Dobbeltsiger til Erling i KM
KM 2007 gjekk i Myrkdalen 14.-15. april.
Erling Astrup Sjøtun, Voss IL, vann begge dagar.
Fleire gode resultat - sjå Resultatsida.
18.04.07 Geir Arne |
 |
|
Lagsmeisteskap i Påskesol - sjå Fotogalleriet - Resultatlister kjem 
|
|
Vossameistrar 2007
Her er vinnarane frå VM på Myra torsdag 29.03.07. Frå venstre: Erling Sjøtun, Anders Skjervheim, Anna Bryn, Tor Ivar Seim og Vilde Vethe.
Foto: Torgils Bryn
Resultat på resultatsida.
Der finn du og resutlat frå Moro på Ski sist sundag.
NB sundag 01.04 er det lagsmeisterskap, og etter på Påske er det KM.
30.03.07 Geir Arne |
 |
|
|
|
Knallbra utfor av Anders Ø |
I samband med NM på Bjorli vart det køyrd FIS-utfor fredag (i dag). Anders Ø. køyrde inn til 12. plass!! - under sekundet bak vinnaren Lars Myhre og halvsekundet bak verdsmeister Aksel L. Svindal!!! Anders var sjølvsagt beste junior i løpet. Sensasjonelt bra! Resultatliste her.
23.03.07 Geir Arne
|
Hovudlansrennet alpint på Hafjell 16. - 23. mars
Bronse til Vilde i utfor!!! Utfor torsdag og super-G fredag.
22.03.07 Geir Arne og Stig
Flott 5. plass til Vilde i SL. Kari på 23. plass. Gunnhild diska. No er det nokre dagar med trening før utfor og super-G. Sjekk linken til arrangørane sine sider.
18.03.07 Geir Arne
HL startar med SSL i dag. Vilde, Kari og Gunnhild er med!!
Føl med å nettsidene til arrangøren her.
17.03.07 Geir Arne
|
Bergensarane Maren og Maria best i Bavallen
|
Ny siger til Maren Byrkjeland, Fana!!! Sundag vann ho slalåmrennet føre Maria Tviberg, Tertnes. Lars Hjelseth, Sykkylven, vann guteklassen, der Erling Sjøtun Voss, låg på 10. etter fyrste omgang.... Dermed var Telenorlekene 2007 over - og vel i hamn. Tilbakemeldingane til arrangørane i Voss/Ørnar Alpint har vore svært positive, kunne rennleiar Nils Dagfinn Dregelid slå fast sundag ettermiddag.
Maren (t.v) og Maria toppa alle resultatlister under Telenorlekene 2007 på Voss.
Foto: Geir Arne |
 |
NB - heilt slutt er det ikkje. Måndag kl. 18.00 er alle som kan velkomne til ein dugnad for nedrigging i Bavallen!!
11.03.07 Geir Arne
|
Maren Byrkjeland vann SSL
- Jentene fra Bergen e nokke for seg.... I dag var det Maren Byrkjeland, Fana, som slo til med ein sterk andre omgang og vann jenteklassen, etter 4. plass i fyrste omgang. Maria Tviberg, Tertnes, leia etter fyrste, men køyrde ut i andre omgang. Ei anna Tertnes-jente, Victoria Larsen, køyrde best av alle i andre omgang.... Beste vossing laurdag vart Erling Sjøtun, Voss, med ein flott 25. plass i guteklassen. Sjekk resultat m.m. på Telenorlekene 2007.
10.03.07 kl. Geir Arne
|
|
Maria Tviberg på veg over Iskulen i Bavallen, på veg mot siger i super-G. Foto: Geir Arne
Ein siger og to andreplassar til Hordaland i SG
Favoritten Maria Tviberg, Tertnes, vann føre Maren Byrkjeland, Fana, i Bavallen i dag! Kjempebra start på Telenorleikane!!! Håkon Knudsen, Fana, slo til med 2. plass i guteklassen. Og løypa heldt godt. Flotte plasseringar med høgt startnummer i guteklassen provar det. Sjå resultat og fleire bilete på Telenorlekene 2007.
09.03.07 Geir Arne
|
FIS - renn på Voss 23.-25.02.07
Det heile starta med SL fredag. Sanna gjorde ein bra innsats etter langt sjukefråver. Kristian gjorde sitt beste FIS-renn så langt etter ein flott 2. omgang.
Resultata finn du her eller på Resultatsida vår. 23.02.07 Geir Arne
|
|
Super-G, nesten vekke i tåka
Snøfall laurdag og tåke sundag øydela mykje for super-G i Bavallen, men sundag 18.02. vart til slutt eitt av to planlagte renn fullført, og bokført som KM. Ørnar fekk ein krinsmeister, Vilde Vethe. Elles vart det dobbelt heimesiger i 11 års klassen (ikkje KM i årsklassen): Ingunn Ukvitne, Ørnar og Kristoffer Bidne, Voss.
Men suveren i Bavallen, som sist helg, vinnaren i jenter 12-13 år:
Maria Tviberg, Tertnes (bilete frå start). |
 |
Resultat på Resutlatsida. Fleire bilete på Fotogalleriet.
18.02.07 Geir Arne
Startkontiongent Super-G (11-15 år kr 100,-)
- betal til kontor nr. 9581.10.69559, Jan Thor Tharaldsen, Hangursvegen 36, 5700 Voss.
17.02.07 ga/JTT
|
 |
Kjempemoro på Ski
- og flott premieutdeling Varmestova
i Bavallen onsdag kveld 14.02.
Nær 60 deltakarar på kveldsrennet på Myra!
Fleire bilete på Fotogalleriet.
Resultata finn du på Resultatsida.
14.02.07 Geir Arne |
|
|
Heimesiger i Bavallsrennet
- Nordisk Skitreff 2007
Ingunn, Kristoffer, Vilde og Anders Ø. vann SSL på heimebane laurdag. Håkon, Vilde (sjå 14-15 år si side) og Anders S. vann SL sundag.
Resultata finn du på resultatsida.
Her startar Trine i SSL laurdag.
Fleire bilete, m.a. alle på sigerspallen, finn du på Fotogalleriet.
10.-11.02.07 Geir Arne |
 |
|
 |
Vilde vann Tertnesrennet
Vilde (bilete frå sist helg) vann j14-15 år både laurdag og sundag i Eikedalen. Det vart og ny dobbelisiger til Kristoffer i g11 år. Mange andre bra resultat og. Det vert elles rapportert om eit godt arrangement og stor innsats av bakkemannskapet, men det var litt lite snø..... Sjå Resultatsida
04.02.07 Geir Arne |
|
|
Anders Øvsthus vann SG i jr-NM
Me GRATULERER Anders med den flotte NM-tittelen i SG på fredag 02.02.07. Konkurransen, den fyrste i junior-NM, gjekk under særs varierande forhold. Anders starta som nr. 19 av 110, og vann med 0,12 sekund! Grattis Anders!
(Sjå "Hordaland" laurdag): Til toppen med Even Hole)
Laurdag vart det ein fin 12. plass i SSL for Anders.
Sjekk korleis det gjekk med Anders Ø, Anders S, Hans, Torkel og Kristian på Vassfjellet resten av helga.
Siste: Hans på flott 15. plass sundag!
Resultat og meir info frå jr-NM finn du her.
Anders sine FIS-resultat elles finn du her.
02.02. Mvh Styret / 03.02. ga (Arkivfoto: Geir Arne) |
 |
|
|
|
Kristoffer og Kari
vann storslalåmen i Eikedalen laurdag 27.01.07
Kristoffer vann og slalåmen sundag. Kari enda då på 3. plass .
Begge takla dei vanskelege forholda godt - dårleg underlag laurdag og dårleg ver sundag!
Mykje knall og fall, men mange bra plasseringar av våre!
1. og 3. plass til Erling!!
Sjekk resultatsida og fotogalleriet!
Foto: Geir Arne |
|
|
|
Terminliste - sjekk eiga side
"Eigne renn" resten av vinteren:
29.3 Vossamesterskap. Blir arrangert som kveldsrenn.
1.4 Lagsmesterskap.
12.4 "Moro på ski". Blir arrangert som kveldsrenn
22.4 "Moro på ski". |
Moro på ski
resultat 21.01.07
- sjekk Resultatsida |
|
Historisk i Bavallen: Ny ekspressheis teken i bruk!
Den nye ekspressheisen i Bavallen vart teken i bruk for fyrste gong laurdag 13. januar.
Og oppe var det flotte forhold i Tråstølen og på Slettafjellet. (Fleire bilete Telenor Leikane 07)
13.01.07 Geir Arne
|
|
God trening i
Myrkdalen
I jola trenar mange av våre i Myrkdalen. Her er det skikkeleg skiføre! Torsdag kom til og med sola!
Her er trenar Even Hole i aksjon, med Vilde i løypa. Fleire bilete finn du i Fotogalleriet.
28.12.06
Foto: Geir Arne
|
|
|
Skiforbundet vil ha fleire råe, glade og sultne alpinistar som drøymer om å bli best
Men "kvalitet og tolmod" er viktig, og riktig, seier landslagssjef Jørund Li i eit møte med deler av organsiasjonskomiteen for Telenorleikane på Voss (07.11.06). Saman med leiaren i AK/NSF understreka han sterkt at alpinidretten må bli billegare - og mindre eksklusiv. Klubben skal vera viktigast fram til 16 år. Det vert varsla sterkare styring frå sentralt hald..... Les meir i strategidokumentet som NSF alpint har vedteke. Bli kjent med tankane og vedtaka som skal styra aktiviteten vår. Dette er vedteke og offisiell alpin-politikk!!!!
Landsfinalen (Telenorleikane) på Voss i mars vert truleg den siste i sitt slag...........
Sjå NSF Strategi 0607 under Aktuell info. Sjekk og Skiforbundet/AK på nett! 08.11.06 Geir Arne
|
Alpinistane på toppidrettslina Voss Gymnas i Austerrike
Trenar Even Hole (t.v.) med sine elevar: Hans, Torkel, Anders S, Anders Ø og Sanna.
Sjå meir i Fotogalleriet
|
|
Even Hole alpinlærar på Voss
Tidlegare landslagstrenar i alpint, Even Hole, er tilsett som lærar ved Voss Gymnas!!! Den tidlegare utforspesialisten skal få fart på alpininstane ved det nye skigymnaset.
18.08.06 Geir Arne
foto: NRK |
|