Barmark fram til haustferien

Oppsettet her vert gjeldande fram til haustferien. I denne perioden held me oss ute. Oppmøte er Voss Idrettsplass. Sprei denne meldinga til alle som kan vere aktuelle. Asbjørn Skorpen er trenar.
 
Tysdag kl 14:30 - 15:30, årgang 97 og eldre
Tysdag kl 17:00 - 18:00, årgang 98 og yngre
 
Torsdag kl 14:30 - 15:30, årgang 97 og eldre
Torsdag kl 17:00 - 18:00, årgang 98 og yngre
 
Minner og om haustcampen 24.-26. september på Bømoen. Dette er eit supert tilbod for borna våre. Meld på !
 
03.09.10  LEM

 
 


Dugnad i Utforløypa 5/9-10
Det blir familiedugnad i utforløypa søndag 5.9 kl 11.00 med frammøte i Bavallen
Ta med ryddesager, motorsager, hekksakser, økser og gjerne firehjulstrekkar.
Området frå Bergenschaussen og oppover til Nyestølen må ryddast for buskas, småtre og liknande
Det er viktig at så mange som råd møter for å gjera løypa godt rusta til HL 2011.
Mvh
Steinar Nedkvitne og Jon Terje Brakestad,
rennleiar og ass rennleiar HL 2011

30.08.10 Lars Egil


  


Barmark

Forrige veke vart amputert med tanke på barmark, då mange var på ski i Landgraaf. 9 stk frå Voss på den turen som må beteiknast som særs vellukka. Effektivt og glimrande forhold. Men no er det barmark;
 
Tysdag kl 14:30, oppmøte Voss idrottsplass, årgang 97 og eldre
Torsdag kl 14:30, oppmøte Voss idrottsplass, årgang 97 og eldre
 
Neste veke (36) starter og treningane for dei yngste. Idrettshallen er bestilt, men så lenge vær og temp er bra, held me oss ute.
 
Sundag 12. September kl 12:00 vert det test. Oppmøte Voss idrottsplass.
 
30.08.10  LEM



Haustcamp 2010 !

Hordaland skikrets inviterer til haustcamp på Bømoen helga 24. - 26. September. Dette er på tvers av alle skigreiner.

Programmet vert sendt ut til dei som melder seg på. 
Påmeldingsfrist 19.09.10. 
Påmelding her

Vert og aktivitet for dei vaksne som ynskjer det. Kost og losji på Bømoen, det trengst vaksne til ei vaktordning her. Still opp om du har tid !

26.08.10  LEM





Etterlysning Jakke
Hei
Har noen funnet min JEAN PAUL fritidsjakke mørkeblå og hvit mistet på 1 samling på Fonna (hovdenhuset)
Ta kontakt med Alexander Myking 95066155 (snart vossing)



Status

Barmarksamlinga i helga vart ein glimrande start på hausten. Det burde nok vore fleire tilstades, men dei som var, fekk iallefall mykje god trening. Laurdag 6 stk på plass som gjennomførte 2 økter. Innhaldet her var basistrening med vekt på koordinasjon, balanse, spenst og styrke. Sundag vart det gjennomført ein triatlon på Oppheim. Jon Terje stilte hytta si til disposisjon som base denne dagen. Glimrande ! Fyrst sykling innover i Oppheimsdalen (10 km med stigning), så symjing over Oppheimsvatnet (1 km), for så å springe tilbake (4 km). 11 stk med på dette.
 
 
 Tider for vidare barmark kjem me attende me. Testen vert ikkje kommande helg, føl med på bavallen.no for endeleg tidspunkt.
 
Både Fonna og Juvass er som kjent stengt. Juvass kan mogeleg opna att utover hausten ved snøfall, men dette er usikkert. På bakgrunna av dette har ein sjekka moglegheitene for ein tur til Nederland el Tyskland for ski innandørs. Alternativet pt er SnowWorld i Landgraaf (Nederland) 25. aug til 29. aug. Kostnad med alt inkl er ca 6000,- Dei som kan vere interessert i dette må gje ein tilbakemelding til Asbjørn snarast; Mob  952 24108 - E post; as.skorpen@gmail.com
 
08.08.10  LEM

 
 


Barmarksamling 7.-8. August

Det er på tide å få skinkene opp av solstolen og kome seg i trening att ! Helga 7.-8. August vert det trening for årgang 97 og eldre. Mogeleg det vert test laurdag 14. august, dette er ikkje heilt avklart.
 
Laurdag 7. August kl 10:00, oppmøte Voss idrottsplass (vert 2 økter denne dagen)
Sundag 8. August kl 12:00, oppmøte Oppheim skule
 
Sundag må joggesko, sykkel, badebukse og våtdrakt vere med. Ta og med godt med drikke og grillmat. 
 
 
03.08.10  LEM



Oppsummering sommarsamling på Fonna

Årets siste samling på Fonna vart avvikla 6. Juli til 8. Juli. 8 løparar, 3 foreldre og 1 trenar var troppen til Voss Alpin denne samlinga. 2 fyrste dagane var prega av nedbør og vind, men 4 økter SSL vart gjennomført til punkt og prikke, trass surt vær. Løparane skal verkeleg ha ros for å halde trøkket oppe desse 2 fyrste dagane, ikkje ein negativ lyd vart registrert. Dag 3 var det superforhold att, så 2 økter SL vart gjennomført til terningkast 6.
 
Folgefonn sommarski stenger sundag 12. Juli for sesongen. Lite snø gjennom vintereren har gjort sitt til at ein no ikkje har noko val.
 
Voss Alpin tek no nokre veker med eigentrening på programmet, før me starter opp med barmark i midten av August. Kva det vert til med tanke på skikøyring utover hausten er vanskeleg å seie noko om no, så det får me vurdere på seinsommaren/hausten.
 
God Sommar !
 
08.07.10  LEM

 
 
 
 


Sommarsamling på Fonna !

Siste oppdatering ! Siste oppdatering ! Sjå tidsrom, se også overnatting!

5. - 9. Juli vert det sommarsamling på Fonna. Gje tilbakemelding på kva dager som passer best, så tilpasser med det.

Tidsrom: Samlinga starter tysdag 06. Juli og varer fram til torsdag 08. Juli
Overnatting: Hos Flatabø, kr 150 pr natt.
Pris: 150,- pr natt + 100,- pr dag i samlingsavgift
Trenar: Asbjørn Skorpen
Disiplin: SL / SSL
Påmelding: Jarle Lund; Mob nr 971 81978
Påmeldte: Ida B. Mørkeset, Anna B. Mørkeset, Charlotte Bergsland, Andrea Bergsland, Vilde Brakestad, Marius Brakestad, Erling Sjøtun, Ellen Johanne Sjøtun, Brendan Kettermann.
 
22.06.10  LEM

 
 
 


Barmark

Siste barmarksøkt før ferien;
 
Tysdag 22. Juni, 96 mod og eldre kl 14:30 - 97 mod og yngre kl 18:00. Oppmøte Voss Idrottsplass.
 
20.06.10  LEM



Oppsummering Fonnasamling 11. - 13. Juni

13 løparar, 7 foreldre og 1 trenar var troppen denne helga på Fonna. Innkvartering var på "Hovdenhuset". Spesielt positivt med 4 løparar frå årgang 01.
 
Etter ein fantastisk vår til no på Fonna, vart det denne samllinga tråare med tanke på vær. Fredag 2 økter SL. Sjølv med nedbør fyrste del av dagen, vart det gjennomført 2 tilfredstillande økter. Laurdag kom aldri heisen i drift, då skodda låg tett nedover breen. Men me fekk gjennomført ei 2 timers barmarksøkt i gymsalen på Jondal skule. Sundag 2 økter SSL. 5  cm nysnø gjorde underlaget vanskeleg tidleg på dag. Men det skein opp, og resutatet vart absolutt bra denne dagen.
 
Neste samling vert no 05. Juli - 09. Juli.  Dagane er ikkje heilt endeleg bestemt her, men det vert i dette tidsrommet. Snøforholda er pt glimrande, men smeltinga er starta for fullt, så ting kan skje framover. Men slik det ser ut no, skal det vera ope fram til denne samlinga. Påmelding kjem.
 
Barmark tydag 15. Juni; Årgang 96 og eldre kl 14:30 - Årgang 97 og yngre kl 18:00. Oppmøte Voss Idrottsplass.
 
13.06.10  LEM



Skitinget Voss 10-13.06.2010
Asle Bergstrøm vart heidra på fagmøte Alpint på fredag av Arild Holm og AK leiar Elling Breivik for det arbeidet han i ei årerekke har lagt ned som FIS homologiserer. Ekstra kjekt var det at Asle kunne overrekke stafettpinnen til ein ny vossing. Nils Dagfinn Dregelid som startar arbeidet i haust.
 
Ak leiar Elling Breivik takkar Asle Bergstrøm, Arild Holm NSF til høgre.
 
11.06.10  Lars Egil



Ny samling på Fonna !

11. - 13. Juni er det klart for ny samling på Fonna. Som me har skreve før; Fine forhold og god plass, så det er ingen grunn til å sitje heime. Meld på !
 
Tidsrom: Fredag 11. Juni til sundag 13. Juni
Overnatting: "Hovdenhuset", 40 plasser, ta med sengtøy eller sovepose
Pris: 100,- pr snute pr natt + 100,- dagen i samlingsavgift + kort
Ymse: Mat ordner kvar og ein sjølv
Trenar: Asbjørn Skorpen
Disiplinar: SL / SSL
Påmelding: Jarle Lund, Mob nr 971 81978
Påmeldte: Ida B. Mørkeset, Anna B. Mørkeset, Vilde Brakestad, Marius Brakestad, Oda Hånes Lund, Hermund Rokne Altenau, Marielle Lidshem, Tonje Skeie, Miriam Skeie, Brendan Kettermann.
 
02.06.10  LEM

 


Oppsummering Fonna 28. - 30. Mai

Nok ei vellukka treningshelg på Fonna. Voss Alpin stilte med 21 løparar, 10 foreldre og 1 trenar, det er bra oppmøte. Ellers lite folk på breen denne helga. Drammen Skiklubb, Rukjan Aplin og Europa cup - / ungdomslag frå Tyskland.
 
Forholda var 100 % perfekt denne helga. Nattefrost på natta gav hard fast sole på føremiddag, salting etter lunsj. Sol og fin temperatur, men ein litt kald trekk sundag. Ellers ingen tvil om at dei jobbar godt på Folgefonn Sommarski for tida. Glimrande prepping og dosing av snø på rette stader. Har ikkje smelta så mykje snø siste vekene, men det er fyrst no sommarvarmen set inn for fullt.
 
Ikkje lett for Asbjørn med individuell tilbakemelding for 20 løparar, men han har hatt bånngass og levert heile helga, så ingen har lidd noko naud. SSL alle 3 dagane, der alle har fått rikeleg mengde av både teknikk utanfor, og i løype.
 
Neste samling vert 11. - 13. Juni. Påmelding kjem på nett.
 
Barmark tysdag 01. Juni vert "Bømoløpet" i Bømoen. Vel mellom 3 km, 5 km eller 9.2. Møt opp !
 
 
Asbjørn jobber med teknikk sjå ellers fotoalbum frå samlinga her 
foto : Ellen
30.05.10  LEM



Hintertux i Høstferien
Voss Alpin er invitert med Tertnes på samling i Hintertux i høstferien sjekk detaljer under aktuelt.
21.05.10 Lars Egil



Samling på Fonna 28.-30. Mai


Det er klart for årets andre samling på Fonna. Glimrande forhold der no, så meld på !

 
Tidsrom: Fredag 28. Mai til sundag 30. Mai

Overnatting: Gjestetunet, 25 plasser reservert

Pris: 400,- pr snute pr natt. Inkludert frukost, middag, nistepakke og sengtøy

Trenar: Asbjørn Skorpen

Disiplin: SL / SSL

Påmelding: Jarle Lund, mob nr: 971 81978

Påmeldte
Fredag-Søndag: Victoria R Larsen, Erling Sjøtun, Martin Søgård, Anna Bryn.
Lørdag -Søndag: Tonje H. Lund, Anders H. Lund, Oda H. Lund, Ida B. Mørkeset, Anna B. Mørkeset, Vilde Brakestad, Marius Brakestad, Brendan Kettermann, Astrid Juvik, Nikolai R Larsen, Hermund Altenau, Marielle Lidsheim, Hermund Altenau, Ellen Johanne Sjøtun, Jakob Sjøtun, Torjus Nedkvitne, Guro H. Skeie

 

20.05.10  LEM





 

 

 


Fonna 13. - 16. Mai

Då er årets fyrste samling på Fonna gjennomført, og det med glimrande resultat. 20 - 22 løparar, 3 trenarar og 11 foreldre var på plass denne helga frå Voss Alpin. Overnatting var på "Hovdenhuset" i Krossdalen. Til så stor gruppe er dette godt eigna. Asbjørn og Sigbjørn var i all hovudsak med FIS Hordaland der våre eldste var med. Dag tok seg av dei resterande løparane.
 
Litt surt med nedbør sundag, men ellers har det vore heilt fantastiske forhold desse dagane. Snøen er bortimot perfekt for alpintrening no, men det er dessvere ikkje så mykje av den. Det er det minste som har vore på desse kantar sidan 1996. Men temp og vær framover avgjer sjølvsagt kor lenge dei greier å halde det igang utover sommaren. Kommande veke melder det tyske landslaget sin ankomst, det vitnar om kor bra det er der akkurat for augneblinken. Brukbart med folk, men ikkje meir enn 5-6 min i kø på det meste. Bergen Skilag, Tertnes, Fana og Rogaland skikrets var på plass denne helga.
 
5 økter SSL, samt 1 SG var det me gjennomførte. FIS gjengen hadde nokon fleire økter SG. Mykje teknikk og basis utan port, men løpararne fekk også fleire runder i løype på fast godt underlag. SG turane var treningkast 6.
 
Neste samling vert 28. - 31. Mai. Eksakte dager, påmelding og meir info vert lagt ut denne veka på nett.
 
Barmark tysdag 18. mai vert joggekarusellen i Bømoen. Dette er ei fin økt for store og små, også vaksne. 3 km eller 5 km. Påmelding fram til kl 18:00, start kl 18:30. Møt opp !
 
16.05.10  LEM



Skilisens 2011
Gjelder for løpere frå 13 år og oppover
 
Norges Skiforbund gjør flere endringer i skilisensordningen fra og med skisesongen 2010-2011. I tillegg flyttes administrasjon av skilisensen fra verktøykassa i Klubben Online til SportsAdmin.
Se utfyllende info som er lagt ut på Norges Skiforbunds hjemmesider: her
 
12.05.10  Lars Egil



Siste nytt Fonna !

Me prøver å få til nokon fartsøkter i løpet av samlinga. Ta difor med SG ski dei som har. Dei yngste kan bruka SSL ski. Ver og obs på at det kan vera snø og glatt siste partiet opp til parkeringsplassen. Piggdekk eller kjetting er anbefalt.
 
11.05.10  LEM



Samlingsplan Voss Alpin - Fis Hordaland
Samlingsplan 2010-2011  Voss Alpin og Fis Hordaland finn du                    
 
her i exel
 
her i pdf
 
02.05.10 Lars Egil

 


Obs, obs, oppdatert overnatting og pris !

Årets fyrste samling på Fonna !

Då er det berre å lade kanona for skisesongen 2010/2011 med årets fyrste samling på Fonna. Alt ligg til rette der no med glimrande forhold. Torsdag 13. Mai går det det ferje frå Kvanndal kl 0800 (sundagsrute). Me tek sikte på å starte opp ca kl 0945 på Fonna. Samlingsplanen er lagt ut som eigen sak på sida.
 
Tidsrom: 13. Mai til 16. Mai
Overnatting: "Hovdenhuset" i Krossdalen 40 plasser
Pris: 100,- pr hovud pr døgn + 100,- i samlingsavgift pr dag + skikort
Ymse: Mat ordner ein sjølv / sovepose eller sengetøy
Påmelding: Jarle Lund: Mob nr: 971 81978
Trenarar: Sigbjørn Slåtten / Dag Sandvik (1 eller 2 dager)
Disiplin: SL / SSL / SG
Påmeldte: Ida Bryn Mørkeset, Anna Bryn Mørkeset, Oda Hånes Lund, Anders Hånes Lund, Tonje Hånes Lund, Hanna Selje Løne, Gorm Finne  Engelsen, Hallstein Finne Engelsen, Odin Lødemel, Kåre Loven, Guro Haugo Skeie, Hermund Rokne Altenau, Astrid Juvik, Mariell Lidsheim, Martin Bidne, Kristoffer Bidne
 
 
 
07.05.10  LEM



Obs, obs, endring !

Endring barmark !

Begge gruppen trener no tysdag, det betyr at torsdagsøkta for dei eldste utgår. Tidene vert då;
 
Tysdag kl 14:30 - 16:00, årgang 96 og eldre
Tysdag kl 18:00 - 19:30, årgang 2000-99-98-97
 
Oppmøte ved Voss idrottsplass. Møt presis !
 
07.05.10 LEM



NM junior 1 på Geilo
Voss Alpin stilte med heile 7 løparar i NM Junior I (16 og 17 åringar) i slalom og
storslalom på Geilo forrige helg. Totalt stilte Hordaland Skikrets med 12 løparar,
og det er lenge sidan det har vore så god deltaking frå Hordaland på eit juniorNM.
Bak frå v: Jarle Brunborg, Asbjørn Skorpen (trenar) og Erling L  Astrup Sjøtun
Framme frå venstre: Anna Haugo Bryn, Thea blindheim, Iselin Tho Tønjum og Birte Øvsthus
Martin Flølo Søgaard var ikkje til stades.
Resultater :
Jenter ssl  her
Jenter  sl   her
 
Gutar ssl her
Gutar sl  her
 
15/04-10 Lars Egil

 


KM 2010 i Myrkdalen
Det vart ein strålende avslutning på ein lang sesong i Myrkdalen
Kjempevær og flotte prestasjoner.
Fotoalbum finn du her
 
 
Kretsmestere 2010. Ida i slalom og Ellen Johanne i  storslalom jenter 12-13 år.
 
Resultater.
Lørdag SSL
 Kort Løype her
 Lang Løype her
 Søndag SL
 kort løype her
 lang løypeher
 
10.04.10 LES



Foreldrefest på Fleischers
Styret i Voss Alpin inviterer til fest for Foreldre på Fleischers Hotell laurdag 24. april kl 1900.
 
Me startar med forfriskningar i Salongen og held fram med litt informasjon
for neste sesong og evaluering av forrige sesong i eitt av møteromma.
Festmiddag i Spisesalen ca kl 2100. Knut K har skaffa gode prisar på 2-rettars til kr 250 pr pers.
 
Påmelding til May Britt,  mbbrakestad@hotmail.com innan 20 april.
Velkomen
 Styret



Dei nye lagsjakkene
Det er framleis tilgang på dei nye flotte lagsjakkene til Voss Alpin. Framsida   sjå her  , bak   her
Jakkene kan bestillast hjå Synnøve på tlf : tlf 91 10 30 16 el   sy.selje@online.no
Pris: Kr 500 for born og 700 for vaksne.
Styret
 



Vossamesterskap 2010
Vossamesterskap 2010
 
Bak : Kristoffer - Anna - Johanna - Jarle
Framme : Ida - Eivind- August.
 
 
Vossamestere 2010
Jenter 12-13-år  Ida Bryn Mørkeseth vinner av Astrid Lødemels Vandrepokal
Gutar  12-13-år   August Sjøtun vinner av Jan Einar Thorsens Vandrepokal
Jenter 14 -15 år Johanna Skulstad Dregelid vinner av Harald Vatnes Vandrepokal Jenter
Gutar 14-25-år    Kristoffer Bidne vinner av Harald Vatnes Vandrepokal Gutar.
Junior 1 jenter.   Anna Haugo Bryn
Junior 1 gutar .  Jarle Brunborg vinnar av Alf Opheims rekrutteringspokal.
Junior 2 gutar . Trond Carsten Øye
Damer Veteran . Jannicke Simpson Larsen.
Herrer Veteran . Knut Ketterman.
 
Reultatliste kort løype her
                   lang løype her
 
07.04.10 LES



Flotte resultater på Oppdal

Landsfinalen på Oppdal
Fantastiske resultater av Vossaløperne:

SG: Hanna nr 8, Vilde nr 16, Ellen Johanne nr 24, Ida nr 42, August nr 46, Brendan nr 90.
SSL: Ellen nr 6, Vilde nr 10, Ida nr 18, Brendan 76. Hanna og August kjørte ut.
SL. Vilde nr 15 Ida nr 22 Hanna nr 36 Ellen Johanne nr 41 Brendan nr 35 og disk på August

Denne gjengen kjøyrte inn nye utvida kvoter til neste års mesterskap
 
 
Hordalandsgjengen med trenarane Marita og Jonas.
2 april 2010 LES



Vossameisterskap 2010
Vossameisterskap 2010 med innlagt lagsmeisterskap i slalom blir tirsdag 6 april på Myra.
 
Påmelding til kl 1800 i Runebu - start kl 1830 kort løype (tom 2000), kl 1930 lang løype(fom 1999).
 
Eigen foreldreklasse i kort løype.
 
Startkontigent kr 50.
 
Styret
 
 


Landsfinalen på Oppdal
Fantastiske resultater av løperne:

SG: Hanna nr 8, Vilde nr 16, Ellen Johanne nr 24, Ida nr 42, August nr 46, Brendan nr 90.
SSL: Ellen nr 6, Vilde nr 10, Ida nr 18, Brendan 76. Hanna og August kjørte ut. Hanna hadde uoffisellt beste passeringstid, da hun røk ut (ingen vet hva det kune blitt til slutt...).

SL søndag.


Landsfinale på Oppdal
Neste helg 27 -27-28/3 er det klart for Landsfinale på Oppdal og Voss Alpin stiller med desse løperene
 
                                                       
Hanna Løne Selje                                                                                                                     
Vilde Brakestad                                  
Ellen Johanne Astrup Sjøtun              
Ida Mørkeseth Bryn                           
Brendan Ketterman                            
August Vetaas Sjøtun 
 
Me ynskjer dei lykke til med mesterskapet, info og resultater finn du her.
 
Renna som starter med Super G på fredag er satt opp med Online Live timing som du finn her
 
22/3-10 Lars Egil

 
 
 
 
 
 


Info veke 12

Årets "Bend it"  på Ål er over. Nok eit gong eit fint arrangement, med stor jubel og stas for våre nesten 40 løparar som deltok der. Utover i veka starter Landsfinalen for 12/13 år på Oppdal. Voss Alpin stiller med 6 av 12 løpar frå Hordaland skikrets. Me ynskjer; Brandon, August, Ida, Vilde, Ellen Johanne og Hanna lukke til på Oppdal ! Ellers god aktivitet heime denne veka. Moro på ski tysdag, samt trening i Bavallen, tysdag, onsdag og torsdag. Dei eldste møter også på Bioform måndag kl 14:30 for ei økt der.
 
Tysdag SL kl 18:00 - 20:00, årgang 2000 og eldre /
Moro på ski tysdag på Myra. Påmelding fram til kl 18:00
Onsdag SL kl 15:00 - 17:00. Årgang 2000 og eldre
Torsdag SL kl 18:00 - 20:00. Årgang 2000 og eldre /
Årgang 2001 og yngre, Myra kl 18:00 - 20:00
 
21.03.10  LEM

 
 


Hovedlandsrenn 2010
HOVEDLANDSRENN PÅ HAFJELL
Voss Alpin ynskjer Kristoffer, Johanna og Trine lykke til på Hovedlandsrenn .
Følg med på resultater her                                          
 
14/3-10 Lars Egil



Trening / info veke 11

"Bend it" på Ål til helga. Mange av våre som set kursen austover mot slutten av veka. Måndag morgon vert det SG på Slettafjellet. Oppmøte på Slettafjellet kl 08:30. Ferdig til kl 10:15. Tysdag er det sett opp trening. Pt er det problem med trenar for dei eldste. Det vert jobba med saken.
 
Måndag SG kl 08:30 - 10:15, oppmøte Slettafjellet
Tysdag SL kl 18:00 - 20:00, årgang 2000 og eldre /
årgang 2001 og yngre, Myra kl 18:00 - 20:00
Torsdag SL kl 18:00 - 20:00, årgang 2000 og eldre /
årgang 2001 og yngre, Myra kl 18:00 - 20:00
 
14.03.10  LEM



Trening / Moro på ski 13.-14. Mars

Av forskjellige årsaker er det ikkje så mykje folk tilgjengeleg denne helga. Me trener difor med Bergen Skilag og Tertnes i Bavallen denne helga. Trenarar vert Marita frå Skilaget og Øystein frå Tertnes
 
Laurdag kl 0900 - SL, oppmøte ved varmestova i Bavallen.
 
Bergen Skilag og Tertnes trenar og mest truleg Sundag og (SSL/SL). Sjølvsagt mogeleg for våre løparar å vere med her. Meir info kjem.
 
Men, OBS OBS ! Både vaksne og born som er aktuelle for Moro på ski i Myrkdalen skal/må prioritere dette.
Sjå annonse her
 
Moro på ski i Myrkdalen Sundag 14. Mars kl 12:00. Påmelding 11:00 - 11:45.
 
11.03.10  LEM

 


Nye Lagsjakker
Her finn du bilde av dei nye lagsjakkene til Voss Alpin. Framsida   sjå her  , bak   her
Kan bestillast hjå Synnøve på tlf : tlf 91 10 30 16 el   
Kr 500 for barn og 700 for voksne.
Leveringa er venta i midten av neste veke.
 
10/3-10  Lars Egil

 
 


Toppvakter Alfa, uke 11 og 12
16. mars  Altenau
18. mars  Mørkeset
23. mars  Espesito
25. mars  Loven
 
9. mars Jarle Lund 97181978.



Trening / info veke 10

Ting tyder på stigande temperatur og nedbør utover veka, men snøforholda i Bavallen skal vere dei beste, så det vert full trening. Trine, Johanna og Kristoffer reiser til hovudlandsrennet i slutten av veka. Lukke til ! Helga 13.-14. mars vert det skipa til Vestlandsmeisterskap i SSL i Røldal. Dette kan passe for mange av våre løparar. Hugs og påmelding til "Bama / Bend it" på Ål. Frist for påmelding 14. mars. Me får sjå forholda ann, men mogeleg ein sikter seg inn på SG i Myrkdalen måndag 15. mars (planleggjingsdag for skulane). Kjem evt. attende til dette.
 
Obs ! Årgang 96 og eldre. SG på Slettafjellet tysdag. Oppmøte kl 0830 ved varmestova i Bavallen.
 
Tysdag kl 18:00 - 20:00 SL, årgang 2000 og eldre /
årgang 2001 og yngre, Myra kl 18:00 - 20:00
Onsdag kl 15:00 - 18:00 SL, Bavallen / Myra, årgang 2000 og eldre
Torsdag kl 18:00 - 20:00 SSL, årgang 2000 og eldre /
årgang 2001 og yngre, Myra kl 18:00 - 20:00
 
07.03.10  LEM

 
 


Trening / info / Moro på ski - veke 9

Mange som stod på, og fekk gjennomført gode Fis renn i helga. Vel blåst ! Til helga går Samnanger rennet. Det vert amputert dette året grunna forholda i Eikedalen. Laurdag vert det SL, medan SSL sundag kun vert for 11 år og yngre.
 
Torsdag kveld vert det Moro på ski renn på Myra. Dette gjeld årgang 99 og yngre. Påmelding Runebu kl 17:45 - 18:15. Rennstart kl 18:30. Grilling av pylser og drikke etter rennet. Fine premier frå Telenor !
 
Tysdag kl 18:00 - 20:00 SL, årgang 2000 og eldre /
Årgang 2001 og yngre, Myra
Onsdag kl 15:00 - 18:00 SL, Bavallen og Myra
Torsdag kl 18:00 - 20:00 SSL
Moro på ski, årgang 99 og yngre
Laurdag 1. økt kl 09:00 - 11:00 SSL, årgang 2000 og eldre
              2. økt kl 12:00 - 14:00 SL, årgang 2000 og eldre
Sundag  1. økt kl 09:00 - 11:00 SSL, årgang 2000 og eldre
              2. økt kl 12:00 - 14:00 SL, årgang 2000 og eldre
 
28.02.10  LEM



Klart for Fis Vestlandscup 2010 på Voss
Storslalomløypa i Bavallen er no klar for omlag 140 deltakarar til årets Fis Renn på Voss. Rennet er ein del av FIS Vestlandscup der mange av deltakarane alt har køyrt 2 sl-renn i Jølster igår og idag, og fortset med eit 3.renn i SL  imorgon kveld kl 1700.
 
Storslalom startar laurdag og søndag kl 0900 med 42 damer og kl 0930 med knapt 100 menn. Det er løparar frå fleire nasjonar og frå dei fleste kretsane i landet. FIS Vestlandscup blir avslutta ved Varmestova omlag kl 1500 søndag med premieutdeling. Det er flotte gåvepremiar til samanlagtvinnar av dei 4 beste renna frå MX-sport, Møbelringen Voss, Mobildata, G-Sport, Coop Ekstra Bygg, Sparebanken Sogn og Fjordane, Vekselbanken, Voss Sparebank og Voss Resort. Sjå elles www.vossil.no/fis
 
Me vonar flest mogeleg tek turen i Bavallen til helga og set ei fin ramme rundt arrangementet.
 
Ha ei fin skihelg.
 
Torgils Bryn
rennleiar



Nye softshell lagsjakker
Hugs å bestille nye Voss Alpin-jakker. Synnøve har prøvejakker i Varmestova (rennkontoret) etter rennet til helga. Jakka er i marineblå farge, er vind- og vanntett (men pustar). Logo frå samarbeidspartnarane våre; Fleischers Hotell, Voss Sparebank, Voss Resort, Smalahovetunet og Øyelege Altenau. Ny Voss alpin-logo på bryst  og Vossaalpinist på ryggen.
Pris: kr 500 for barn og kr 700 for vaksne. Ta ev kontakt med Synnøve på tlf 91 10 30 16 el sy.selje@online.no
 
Styret


Resultater Voss Skitreff
Resultater Voss Skitreff
 
Lørdag ssl kort køype her
 
Lørdag ssl lang løype her
 
Søndag sl kort Løype her
 
Søndag sl lang løype her
 
Bilder frå helga finn du her
 
14.02.10 Lars Egil

 
 


Invitasjon Voss Skitreff 2010
Invitasjon til Voss skitreff finn du her
 

Påmelding til: Ingvill Knapstad Bidne, Flaten 4, N-5700 Voss

                         e-mail : post@bavallen.no

 
7/2-10 Lars Egil



Info veke 6

Det vart 2 strålande SG dager i "Kari Traa". Fana gjennomførte eit raskt og smidig arrangement, samt at Myrkdalen synte seg frå si beste side. Voss Alpin gjorde det nok ein gong sterkt. Me gratulerer; Eivind, Ellen Johanne, Hanna, og Jarle med sigrar. Me merker oss firedobbel siger i jenter 12/13 år sundag. Denne veka vert det trening som vanleg inn mot helga, då står Voss Skitreff for tur. Hugs påmelding, innbydinga ligg på sida her.
 
Kjem og med ein oppfordring. Foreldre må vere positive og stille opp til ulike gjeremål i klubben vår, dette vere seg å hjelpe til med løype, sikring, toppvakt, heisførar osv.  Forrige veke var det folketomt i Bavallen.  
 
Obs ! Tysdag og torsdag kl 18:00 - 19:00 vil Synnøve sitje i Runebu å ta imot bestilling på den nye soft shell jakka til Voss Alpin. Det vert høve å prøve ulike storleikar.Pris; 500,- for born / 700,- for vaksen.
 
Tysdag SL kl 18-20, årgang 2000 og eldre /
årgang 2001 og yngre, Myra kl 18-20
Onsdag SSL kl 15-17, årgang 2000 og eldre
Torsdag SSL kl 18-20, årgang 2000 og eldre /
årgang 2001 og yngre, Vetlebakken i Bavallstunet kl 18-20
 
Kvar tysdag framover vil bandet i Grebbesbakken gå frå kl 17:30 - 19:00. Dette gjeld dei aller minste, eller evt heilt nybyrjarar.  Det er ope i Bavallstova, slik at det er høve for å gå inn å varme seg, eller ete kveldsmaten der. Ta med mat. Hjelp til med å spreie denne meldinga til alle aktuelle.
 
07.02.10  LEM:



Viktig Sjekk Funksjonærliste 2010
Hei det er viktig at de sjekker årets funksjonærliste som ligg her
 
1/2-10 lars Egil

 
 


Skilagsrennet 2010
Mange gode prestasjoner for Vossa alpinistene i helga
 
August ein av helgas overraskelser 2 plass i ssl og 3 i sl  i fint driv i laurdagens ssl
 
Bilder finn du her
 
Resultater
ssl  kort løype  her
ssl  lang løype her
sl kort løype    her
sl lang løype  her 
 
Sjekk og dei flotte bildene til Ulvund  her   dei ligg på datoene 23/1 og 24/1
 
24/1-2010 Lars Egil



Nye nettsider
Då kan me gratulera oss sjølve med nye nettsider.
Takk til Morten Hellgren Hansen for utvikling av sidene.
 
19.01.10 Lars Egil



Haustcamp 2010 !
Dugnad 5/9-10
Hintertux Høst 2010 med Tertnes Alpin
Skilisens 2011
Samlingsplan Sommer-Høst 2010
NM junior 1 på Geilo
Hovedlandsrennet i Alpint til Voss i 2011
Chris Salbu i USA
ÅL BAMA 2010 INFO
Voss Skigymnas Toppidrettslina - FIS Hordaland
Funksjonærliste 2010
Brosjyre/terminliste Moro på Ski 2010
Nye Trenara og Oppmenn
Voss Alpin Video side
Skitinget 2010 til Voss
Mål og visjonar for Voss/Ørnar